Tankar ved kontorstoveglaset

Det hender ender og då at eg får det føre meg. Eg, stakkars elendige pedagog, har kontorplass på den galne sida av skulebygningen. Den er i grunnen heilt utan utsikt til det pulserande livet - når ein ser vekk frå nokre skitne arbeidsfolk - den sida som vender ut mot ei industritomt. Nei, det er ikkje den heilt store utsikta, og slik som tilhøva no ein gong er, så har det ikke vore aktuelt med kontorplass på den rette sida av bygningen. Så ein får heller drøyma seg til korleis det er retning av sjøsida, eller parkeringsplassen og det pulserande livet der, eller rett og slett gå ut! Og ute kan det jo vera så mangt vent å sjå på vårparten, når sola tek til å varma i bakkane, folk set seg ned og røder saman, og saftane stig i alle kroppar, både dei med og dei utan røter. Alle vil helsa solvarmen velkommen, slik det høver seg om våren. Og det blir sol og glede og sosialt samrøre. Og så sit eg her inne saman med nokre andre nedstøva pedagogar, på den galne sida av skolebygningen, og strevar med rettebunkar og ItsLearning og Word og PowerPoint! Nei, ein skulle flytta arbeidsromma til den rette sida lenge herføre. Så kunne ein kan henda kombinera arbeidsgleda med det som er av skapnader utanfor?

Men nå ser det då endeleg ut til at våren greia å komma til hektene i år, med. For kvart år skjer det jo: Naturen ristar av seg dei aller siste snøfjonene, og tek etter livet att. Og då kan utsikta til industritomta med tilliggande herlegdommar verta fin nok, den. Det er jo ting der ute i bakkane kringom som nett no tek til å verta grønare og grønare og grønare og grønare, og til sist er heile bakkane så grøne at augo mest ikkje greier meir. Og så blir det vår og sumar! Og så er der grønfarge og 17. mai og sol og intens lukt som av....nei, ein skulle starta plommeplukkinga i Hardanger alt no, og gi blaffen i plikta vår som menigmann, men det er jo ikkje så heilt lett. Dessutan så er det vel smått med plommer rundt industritomta. På parkeringsplassen og, for den del. Men ein kan jo gjera litt av det andre dei syng om i songen til Brendeland og Tre Busserulls....og her sit me med rettebunkar og ItsLearning og Word og Powerpoint, og før ein veit ordet av det, så er det eksamenstid. Som ein klok mann sa ein gong: Ein venner seg til det meste her i livet, unntatt vørterøl, og det på den galne sida av skulebygningen, med utsikt til industritomt, vasspyttar og skitne arbeidsfolk. No er den kloke mannen daud, men det har ikkje vørterølet noko med, og ikkje industrien eller skulebygningen, heller. Ha ein fin vår!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Om å ta på seg det pedagogiske seletøyet

Onanere eller urinere på offentlig sted - er det noe problem?

Hei, hei!